Vipps lanserer nynorsk versjon av appen

– No kan du «kvippse» ein ven

IMG_4886 (1)

På sjølvaste nynorskdagen 12. mai rullar Vipps ut nynorsk som eit nytt språkalternativ i appen. – Vi er veldig, veldig glade for at nynorskbrukarar no får språket sitt i Vipps, seier Lars Tore Skau i Vipps.

12.5.2024
– Det er utruleg positivt at Vipps går føre som eit godt førebilete og lar brukarane av appen få tilgong til begge dei norske skriftspråka. Det handlar om å vise språkleg ansvar og respekt for kundane sine. Eg håpar fleire aktørar i næringslivet lar seg inspirere av Vipps, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

– Ein av ti vippsarar har nynorsk som hovudmål, så det skulle berre mangle at vi no gjer det mogleg å bruke Vipps i nynorsk-versjon. Mange har ynskja seg dette ei god stund. Difor er det storveges å endeleg kunne gi dei det, seier Lars Tore Skau, teknologihovud og nynorsk-entusiast i Vipps.

For å skape ekstra engasjement rundt oppdateringa, vil det for alle som vel nynorsk som språk i Vipps vere mogleg å «kvippse» i nokon dagar. Etterkvart vil det gå over til å heite «vippse» igjen, også på nynorsk.

– I Vipps likar me å leike med språk, og internt hjå oss har mange lenge drauma om å «kvippse». Difor klarte vi ikkje å dy oss, det måtte berre bli kvippse. Skulle nokon meine at det blir litt for tullete, kan vi forsikre om at kvippse blir til vippse allereie i neste versjon av Vipps, som kjem etter berre nokon dager, seier Skau.

I heile Vipps er det over 4500 tekstar. I arbeidet med omsetjinga har Vipps fått hjelp av Noregs Mållag.

– Vipps er ein av dei viktigaste appane vi har i Noreg, og ein app dei fleste nordmenn brukar jamleg. For oss er det viktig at nynorskbrukarar kan leve liva sine på språket sitt også digitalt. Så at Vipps no rullar ut nynorsk er vi veldig glade for, seier Peder Lofnes Hauge, styreleiar i Noregs Mållag.

– Vi er så takksame for uvurderleg hjelp til omsetjing. Det er mye takka vere Mållaget at Vipps no endeleg snakkar nynorsk, avsluttar Skau.

Slik endrar du til nynorsk i Vipps på iPhone:

  • Oppdater appen
  • Opne Vipps og trykk på Profil, så Innstillingar
  • Trykk på Varsel- og språkinnstillingar
  • Trykk på Språk nederst og byt til nynorsk!

Slik endrar du til nynorsk i Vipps på Android:

  • Oppdater appen
  • Opne Vipps og trykk på Profil, så Instillingar
  • Trykk på språk og byt til nynorsk!